Thrond Sjursen Haukenæs (fødd 4. mars 1840 i Granvin i Hardanger, død 1922) var ein norsk folkeminnesamlar og ein svært flittig forfattar, forleggjar og kolportør av eigne bøker. Han kom frå garden Haukanes i fjorden mellom Granvin og Folkedal.
Haukenæs starta som sauegjetar hos foreldra sine, og var deretter i fleire år med på sildefiske, innimellom reiste han rundt som kolportør og selde bøker.
I 1871 gifta seg han seg med Kristi Gjertsdotter Aalvik (f. 1849) frå Ålvik. Haukenæs tok til som handelsmann på Eide i Granvin saman med kameraten, Rikoll Eide. Dei to skilde etter kvart lag som forretningsdrivande og Haukenæs vart deretter styrar av Graven Forbrugsforening. Han utvida forretninga med postopneri, skysstasjon og hotell. Forbruksforeininga fekk økonomiske problem. Haukenæs overtok då verksemda til bokført verdi, og heldt fram i privat regi.
[nn]