Stedje Church (Norwegian: Stedje kyrkje) is a parish church of the Church of Norway in Sogndal Municipality in Vestland county, Norway. It is located in the village of Sogndalsfjøra, near the shore of the Sogndalsfjorden. It is the church for the Stedje parish which is part of the Sogn prosti (deanery) in the Diocese of Bjørgvin. The red, wooden church was built in a long church design in 1867 using plans drawn up by the architect Christian Christie. The church seats about 400 people.
Stedje kyrkje (Kirke) [no]
Other languages: Stedje kyrkje (norwegian bokmål)
Stedje kyrkje, som vart innvigt i 1867, vart prefabrikkert i Christiania og frakta og sett opp på Stedje, der ho ligg på ein åsrygg sør i bygda, med vidt utsyn. Kyrkja er prega av nygotiske former og av inspirasjon frå stavkyrkjene. Ho er oppført i panela bindingsverk etter Chr. Christies teikningar, og har basilikaform, det vil seie at taket over midtskipet er høgare enn over sideskipa. Det er vindaugsrekker oppunder taket i veggfelta mellom skipa. Innvendig har veggane umåla panel som vart lagt i 1929, då også veggane vart isolert og innervindauga fekk farga småruter. Fargane i interiøret er frå 1967, og er antakelig ikkje dei opphavlege. Galleriet vart utvida i 1913 og fekk ny brystning i 1967. Altertavla er i nyklassisistisk stil, med trekantgavl med nygotisk dekor. Alterbildet viser Kristus Consolator, eller Jesus som trøystar, måla i 1891. Bildet er ein kopi etter alterbildet i kyrkja Sofie Albertina i Landskrona, som er måla av Carl Bloch. I kyrkja heng eit krusifiks som opphavleg stod på alteret. Det er skore av Brynjulv Bergslien i 1867. Bronselysekrona i skipet er frå 1672, og hang opphavleg i Mariakyrkja i Bergen, før ho kom til Stedje i 1867.
Kjelder: NIKUs kyrkjeregister