Dan Young (fødd 1938) er ein amerikansk-norsk fotograf.
Young vart fødd i Fort Defiance i Arizona og busette seg i Noreg i 1962. Same året danna han biletbyrået Manité saman med Arild Kristo og Robert A. Robinson, og var aktiv der til Manité vart lagt ned i 1967. Han vart seinare tilknytt biletbyrået Samfoto.
Han arbeidde ein periode med mote- og reklamefotografering, før han starta med dokumentarfilm i 1970. Frå 1980 til 1995 har han arbeidt som stillfotograf på meir enn 40 norske filmar, og han har hatt utstillingar ved fleire museum i Oslo. Dan Youngs fotografi er kjøpt inn av ei rekkje museum i Skandinavia og USA.
[nn]