Iver Storvik (fødd 30. juli 1874 i Vågå, død 14. mai 1953 same stad) var vert på Bessheim fjellstue og gardbrukar på Nordre Storvik.
Han var blant mykje anna også en dyktig fotograf, og hos Kari og Knut Lund på Bessheim er det framleis mange bilete og glasplater etter han. Naturleg nok fann han mange av sine motiv på Bessheim og i Sjodal-traktane, og gjennom bileta hans kan ein lese seg til mykje om turismens inntog i dalen.
Storvik fekk også produsert postkort for sal både frå Bessheim og andre stader. Bland Storvik sine mange etterlatne plater er det også bilete av kjende og ukjende gjestar på Bessheim, blant dei flypioneren Tryggve Gran.