Jørgen Gjerde (fødd 1873, død 1941) var lokalhistorikar i Stranda. Jørgen (Johanss.) Gjerde tok etternamnet Gjerding, og dei fleste av publikasjonane hans er med dette namnet. Gjerding er namnet på gardsbruket han brukte saman med kona Anna Sofia Saxegaard på Sve-Gjerde (Gnr. 26) i Stranda.
Jørgen Gjerde samla inn og publiserte folkeminne frå heile Sunnmøre og var aktiv i sogelagsarbeid og publiserte mindre stykke i Tidsskrift for Sunnmøre historiske lag. Men dei fleste arbeida hans tok utgangspunkt i heimbygda Stranda, og han var ein av initiativtakarane bak bygdebokarbeidet i kommuna. Stranda kommune gav tilskot til arbeidshjelp heime på garden, slik at Gjerding kunne nytte tida til innsamling av materiale for ei gardssoge for Stranda (Stranda sokn). Gjerde har gitt ut bøker om Stranda kommune, Stranda Sparebank og kyrkjene i Stranda. Store delar av Stranda bygdebok I Gard og Grend er bygd på Jørgen Gjerdes manuskript frå 1940. Bandet kom først ut etter at Gjerde var død.
Gjerde var medlem i Landslaget for folkeminnesamlarar og fikk stipend til innsamlingsarbeid derfra. Materialet er bevart i Norsk Folkeminnesamling.
[no]