Andre språk: Nomenklatur for drakt (nynorsk), Nomenklatur för dräkt (svensk)
Datasettet inneheld nemningar for klesplagg og tilfang som blir bore på kroppen, inkludert smykke og draktsylv.
Klesplagga er delt inn etter plagget si plassering på kroppen.
Datasettet er utvikla på norsk bokmål og nynorsk, og inneheld òg norske dialektnemningar. Kvar nemning skal ha ei kortfatta tyding.
Ordlista er ein tesaurus der termane har relasjonar til kvarandre og inngår i eit hierarki. Datasettet relaterer òg til Store norske leksikon, Getty Art and Architecture Thesaurus og Wikida...
Nemningane i datasettet skal dekkje behov i museum og kulturarvinstitusjonar, samt kunne vere eit generelt oppslagsverk. [nn]
Klesplagga er delt inn etter plagget si plassering på kroppen.
Datasettet er utvikla på norsk bokmål og nynorsk, og inneheld òg norske dialektnemningar. Kvar nemning skal ha ei kortfatta tyding.
Ordlista er ein tesaurus der termane har relasjonar til kvarandre og inngår i eit hierarki. Datasettet relaterer òg til Store norske leksikon, Getty Art and Architecture Thesaurus og Wikidata.org.
Formålet er at nemningane i datasettet skal dekkje behov i museum og kulturarvinstitusjonar, samt kunne vere eit generelt oppslagsverk. Vær merksam på at ordlista er utvikla frå plagg brukt i Noreg, og ho reflekterer dette inntil vidare.
Det er tenkt at datasettet skal utviklast vidare. Mange felt treng komplettering, til dømes plagg brukt innanfor militæret, idrett og arbeidsliv. Redaksjonen tek gjerne imot forslag frå granskarar. Ta kontakt om du har ordlister eller store samlingar med nemningar du vil føreslå.
Nomenklaturen er utvikla i samarbeid med nettverk for drakt og tekstil i dei norske musea og støtta av Norsk Kulturråd. Referansegruppe har vore Anne Grete Sandstad, Musea i Sør-Trøndelag/ Sverresborg Trøndelag folkemuseum, Kari Anne Pedersen, Norsk folkemuseum, Anne-Mari Hannisdal, Museumssenteret i Hordaland/Osterøy museum, og Helga Reidun Bergebakken Nesset, Anno museum/Musea i Nord-Østerdalen.
Språkkonsulent og omsetjar har vore Aud Søyland.
Datasettet er opphavleg bygd på Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) sin nomenklatur for registrering av draktmateriale. Ordlista til Norsk institutt for bunad og folkedrakt er utvikla gjennom registreringar av klesplagg i privat og offentleg eige i Noreg frå 1970.
Lista er komplettert med ord frå ordlista «Betegnelser for bekledningstekstiler», eit prosjekt utført av Sverresborg Trøndelag folkemuseum og Hedmarksmuseet Domkirkeodden i 2010.
Status | Lagret av | Tidspunkt |
---|---|---|
Under produksjon | Ragni Engstrøm Nilsen (Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt) | 26.11.2020 11:37:27 |
Betegnelse | 862 |
Status | Lagret av | Tidspunkt |
---|---|---|
Under produksjon | Ragni Engstrøm Nilsen (Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt) | 26.11.2020 11:37:27 |