Son kulturkyrkje (Son kulturkirke) er ei kyrkje i Vestby kommune frå 2014.
Dette er ei fleirbrukskyrkje nær Son sentrum. Ho vart teikna av Kvernaas Arkitekter og oppført av Hersleth Entreprenør. Kyrkja er for det meste av mur, men har òg treverk i fasaden. Etter at Såner kyrkje brann i 1995 og ei ny kyrkje vart bygd i 2000, hadde det lege i korta at det skullekome eit fleirbruksbygg i Son i tillegg til seremonikyrkja i Såner, men finansieringa kom ikkje på plass før i 2011.
[nn]