Madeleine (fødd 10. juni 1982) er prinsesse av Sverige og hertuginne av Hälsingland og Gästrikland. Foreldra hennar er kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Ho er nummer fire i tronfylgja etter kronprinsesse Victoria av Sverige, prinsesse Estelle av Sverige og prins Carl Philip av Sverige.
Ho var trulova med juristen Jonas Bergström i nokre månader i 2010. 25. oktober 2012 annonserte Det kongelege hoff i Sverige at prinsesse Madeleine hadde trulova seg med Christopher O'Neill, betre kjend som Chris O'Neill, og at dei ville gifte seg sommaren 2013. 8. juni 2013 gifta ho seg med O'Neill i Slottskyrkan i Stockholm. Paret busette seg i New York.
20. februar 2014 fekk paret dottera prinsesse Leonore av Sverige, og 15. juni 2015 fekk paret sonen prins Nicolas av Sverige. 9. mars 2018 ble de foreldre til prinsesse Adrienne.
Blant dei mange ordenane til Madeleine finst òg den norske Storkrossen av St. Olavs Orden, tildelt i 2005.
[nn]