Gunvor Nervold Antonsen (fødd i 1974 i Oslo) er ein norsk biletkunstnar med utdanning frå Kunsthøgskulen i Bergen i 2001 og Kunsthochschule Berlin-Weissensee i 1998.
Nervold Antonsen arbeider med ulike materiale og sameinar tekstilmontasje, treskulptur, måleri og historiske objekt i materielle og romlege komposisjonar. I 2019 var ho ein av dei nominerte til Lorck Schives Kunstpris ved Trondheim kunstmuseum. Til utstillinga følgde boka Vi er margen, som kom ut på forlaget H//O//F, som var hennar skjønnlitterære debut. Ho er kjøpt inn av fleire private og offentlege institusjonar, og har gjort utsmykking for KORO.
Gunvor Nervold Antonsen har engasjert seg fagpolitisk gjennom verv i Norske Billedkunstnere og Norske Tekstilkunstnere. Som styreleiar i Norske Tekstilkunstnere frå 2006 til 2009 var ho med å etablera SOFT galleri i Oslo.
Nervold Antonsen bur og arbeider i Rollag i Numedal, der ho driv Barnas kunstverksted, som har støtte frå Norsk Kulturråd.
[nn]