Hobøl kyrkje er ei romansk langkyrkje frå andre halvdel av 1100-talet som står i Indre Østfold kommune i Østfold. Byggverket er i stein og har 250 sitjeplassar.
Skipet er rektangulært og kort. Mot vest er våpenhuset og mot aust koret, som har påbygd apsis. Kyrkja har ein åttekanta takryttar som ender i ein høg og smal hjelm. Takryttaren er frå 1720-talet.
Hobøl kirke vart kjøpt av prost Lars Rasch i 1723 og hadde fleire forskjellige eigarar inntil ho vart overteke av kommunen midt på 1800-talet.
På kyrkjetunet står Kyrkjestallen, som er innreidd til forsamlingshus. Kyrkja feira 800-årsjubileum 28. mai 1995.
[nn]