Alexander Lange Kielland (18. februar 1849–6. april 1906), vart fødd og voks opp i Stavanger og døydde i Bergen. Kielland var ein av dei mest kjende forfattarane i Noreg på 1800-talet. Saman med Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie vert han rekna som ein av «dei fire store» i norsk litteratur.
Han høyrde til ei av dei eldste handelsslektene i Stavanger, slekta Kielland. I oppveksten var han del av ein av dei mest velståande heimane i byen. Som gut gjekk han på Stavanger Katedralskole. Han likte seg dårleg på skulen, trass i at han var skuleflink. Han utdanna seg til jurist, og kjøpte eit teglverk på Madla ved Stavanger som han dreiv til 1881. I denne tida fekk han god kjennskap til praktisk forretningsliv. I tillegg fekk han eit innblikk i arbeidarane sine vanskelege levekår.
Kielland debuterte i 1879 med Novelletter, ei samling av korte noveller. Året etter skreiv han sin fyrste roman, Garman & Worse. Han skreiv i ein realistisk, samfunnskritisk stil, og kritiserte autoritetar i samfunnet. I Skipper Worse (1882) gjekk han til åtak på religiøs fanatisme, og i Gift (1883) kritiserte han skuleverket og kyrkja. I tillegg kom han inn på tema som embetsstand, ekteskap og klasseskilje.
Frå 1893 til 1902 var Kielland borgermeister i Stavanger. Kielland fekk i september 1902 embetet som amtmann i Romsdals amt, med hovudsete i Molde. Mellom anna skreiv han fleire rapportar etter bybrannen i Ålesund i 1904. Han sat i embetet til han døydde i 1906.
Målarinna Kitty Kielland var systera til Alexander Kielland. Forfattaren og journalisten Axel Kielland var barnebarnet hans.
[nn]