Idar Handagard (9. august 1874–11. desember 1959) var lege, botanikar, nynorskforkjempar, fråhaldsagitator og statsstipendiat frå Kristiansund.
Idar Handagard blei fødd i Kristiansund og voks opp der og i Bergen. Han blei cand.med. i 1905, og fekk i 1907 kongens gullmedalje for ei avhandling om norske plantenamn. Same året fekk han òg ein pris for den fyrste nynorske læreboka i helselære: Mannalikamen og helsa. Denne boka kom med tida i mange opplag.
Forfattarskapen og engasjementet hans omfatta målrørsla, fråhaldssaka og eit venstreorientert standpunkt i fleire samfunnsspørsmål. Han skreiv om og beundra Oscar Nissen, som var leiar av både Det Norske Totalavholdsselskap og Arbeidarpartiet.
Handagard var styremedlem i Studentmållaget frå hausten 1901 til og med hausten 1902.
Han praktiserte aldri som lækjar, men var ein aktiv skribent, og skreiv meir enn 500 bøker og hefter: Doktorboki (1913), Vanlege sjukdomar (1925), engasjerte seg i Grønlandssaka, og skreiv fleire korte diktarbiografiar i serien småskriftar for bokvenner (om Ivar Aasen, Kristofer Janson, Wessel og Henrik Wergeland): Han skreiv òg mange diktsamlingar, og nokre av dikta er tonsette. Verselæra Norsk verselæra blei lenge brukt som lærebok på universitet.
Handagard var lenge og aktivt oppteken av fråhaldssaka, mellom anna gjennom Studentfråhaldslaget i Oslo. Motivasjonen hans var kristenetisk, ålmenetisk og medisinsk. Han skreiv fleire artiklar om fråhaldsrørsla si historie og fråhaldsrørsla sine pionerar. Særleg kan ein nemna litteraturhistoriske verket En samfunns-ide og dens digtere (1915).
Handagard skreiv dikt og bokmeldingar i DNT sitt blad Menneskevennen.
Idar Handagard blei statsstipendiat i 1932.
[nn]