Tekstilfabrikk på Dalekvam i Vaksdal kommune, mellom Bergen og Voss. Grunnlagt av industripioner Peter Jebsen i 1979. Fabrikken var ein av dei store tekstilfabrikkane på Vestlandet, med 750 tilsette i 1945 - men etter dette har talet på tilsette har vore oppe i rundt 1100. Dale Fabrikker hadde hovudkontor i Bergen og tre fabrikkar i Vaksdal. Bomullsvarefabrikken på Dale kom først, i 1879, og i 1890 blei det bygd ein ullvarefabrikk og kamgarnsspinneri i 1912. Produksjonen har vore mangfaldig, frå sengetøy, gensarar og kofter, til strikkegarn og tekniske tekstilar. Dale Boligtekstiler vart ein del av Høie-Arne på 1980-talet, og 1990- og 2000-talet vart produksjonen etter kvart delt opp i mindre bedrifter.[nn]
Tekstilprodusent på Dalekvam i Vaksdal, og ein del av Dale Fabrikker. Garn og produksjonen av ferdige strikkeplagg vart skilt ut som ei eiga bedrift i 1991, under namnet Dale Garn og Trikotasje - seinare Dale of Norway. I 2009 vart desse to delane av produksjonen også delt i to bedrifter, Dale of Norway (strikka plagg) og Dale Garn (strikkegarn), sjølv om dei to heldt til i dei same lokala.[nn]
Skofabrikk og hjørnesteinsbedrift i Dale i Sunnfjord, starta som Dale Klogfabrik i 1899. Bergenske G. C. Rieber tok over drifta i 1911 og namnet endra til A/S Jarl Skofabrikk - og starta produksjon av sko med lærsålar i staden for kloggar, etter kvart mykje militærsko. Nytt namne- og eigarskifte i 1983 (Clouds of Norway) og 1986 (Dale Skofabrikk), før utflagging og konkurs i 2011. Produserte mykje vinter-, fritids- og bunadssko dei siste tiåra.[nn]
Produsent av flammehemmande stoff på Dalekvam i Vaksdal kommune i Hordaland. I 1991 vart denne produksjonen skilt frå produksjonen av strikka plagg og garn (Dale Garn og Trikotasje) . Produksjonen av flammehemmande stoff på Dale vart lagt ned i 2009 og flytta til Asia.[nn]
Den Norske Trikotagefabrik er ein tidlegare trikotasjefabrikk i Drammen, som blant anna produserte undertøy, golfjakker, gensarar, badedrakter, ytterklede, kjolar og metervare. Bedrifta hadde 100 tilsette i 1970, og produserte blant anna i merkevara Palmett.[nn]
Dovre Fabrikker er en tidligere trikotasjefabrikk i Lillestrøm, kjent for herreundertøy og helsetrøyer. Den ble etablert som Lillestrøm Trikotagefabrik i 1922, skiftet navn til Dovre Fabrikker i 1961, og kjent for varemerket Dovre.
OBS! KulturNav er ikke fullt støttet av din nettleser. For korrekt funksjonalitet anbefales nyere Chrome, Firefox, Safari eller Internet Explorer 10 eller senere.