Tekstilprodusent på Dalekvam i Vaksdal, og ein del av Dale Fabrikker. Garn og produksjonen av ferdige strikkeplagg vart skilt ut som ei eiga bedrift i 1991, under namnet Dale Garn og Trikotasje - seinare Dale of Norway. I 2009 vart desse to delane av produksjonen også delt i to bedrifter, Dale of Norway (strikka plagg) og Dale Garn (strikkegarn), sjølv om dei to heldt til i dei same lokala.[nn]
Skofabrikk og hjørnesteinsbedrift i Dale i Sunnfjord, starta som Dale Klogfabrik i 1899. Bergenske G. C. Rieber tok over drifta i 1911 og namnet endra til A/S Jarl Skofabrikk - og starta produksjon av sko med lærsålar i staden for kloggar, etter kvart mykje militærsko. Nytt namne- og eigarskifte i 1983 (Clouds of Norway) og 1986 (Dale Skofabrikk), før utflagging og konkurs i 2011. Produserte mykje vinter-, fritids- og bunadssko dei siste tiåra.[nn]
Produsent av flammehemmande stoff på Dalekvam i Vaksdal kommune i Hordaland. I 1991 vart denne produksjonen skilt frå produksjonen av strikka plagg og garn (Dale Garn og Trikotasje) . Produksjonen av flammehemmande stoff på Dale vart lagt ned i 2009 og flytta til Asia.[nn]
OBS! KulturNav er ikke fullt støttet av din nettleser. For korrekt funksjonalitet anbefales nyere Chrome, Firefox, Safari eller Internet Explorer 10 eller senere.