Rotnes kyrkje (Rotnes kirke) er ei kyrkje i Rotnes i Nittedal kommune i Akershus. Kyrkjebygget vart teikna av L2 Arkitekter, og entreprenør er JM Norge. Kyrkja er ein del av eit utbyggingsprosjekt som òg omfattar kulturhuset Flammen.
Kyrkja vart vigsla 27. november 2016. Sjølve kyrkjesalen har 280 sitjeplassar. Dette kan utvidast til 500 ved hjelp av tilstøytande rom.
Altarutsmykkinga er ved Tor Lindrupsen. Kyrkja har eit digitalt orgel.
Det er ikkje kyrkjegard ved denne kyrkja, men ved Nittedal kyrkje og Hakadal kyrkje.
[nn]