Rømskog kyrkje er ei langkyrkje i Aurskog-Høland kommune, Viken fylke.
Ei stavkyrkje på staden er nemnt første gong i 1369, men vart truleg bygd om lag hundre år tidlegare. I 1723 fekk kyrkja eit lafta kor, og i 1799 vart skipet erstatta med eit skip i lafteverk. Også sidan har kyrkja vore gjenom fleire ombyggingar og vølingar. I 1952–1957 vart ho restaurert utvendig og innvendig. Tårnet er frå 1892.
[nn]