Idd kyrkje er ei langkyrkje frå om lag 1100 i Halden kommune i Østfold fylke.
Byggverket er i stein og har 180 plassar. Kyrkja er ei bygdekyrkje i romansk stil.
Tilkomst til staden er via fylkesveg 22.
Kyrkja vart sterkt skada i eit jordskjelv søndag 23. oktober 1904. Skjelvet skjedde midt i kyrkjetida, og kyrkja var fullsett. Det braut ut panikk, men ingen vart skada. Det var lenge tvil om kyrkja kunne reddast, men i 1922 vart ho ferdig restaurert.
[nn]