Stiftelsen Baadehuset [no]
Stiftelsen Baadehuset (norwegian bokmål)
Eigedomen vart kjøpt av Hans Jacop Baade i 1848. Han bygde huset på ein gamal kjellarmur frå 1690-åra, etter det eldste handelshuset i Espevær. Baadehuset er eit gamalt handelshus, som i denne tida fungerte som eit administrasjonssenter. På Baadehuset kunne ein finna både lege og politi under vårsildfisket. Huset fungerte også som overnattingsplass for fiskarar.
I dag fungerar Baadehuset nærast som eit museum, men det kan leigast til samkomer. Det er Espevær Husmorlag som har restaurert huset, og dei har freista å innreia det slik det kan ha sett ut rundt århundreskiftet. Inne i huset er det ei stor samling bilete og mykje maritimt utstyr frå denne epoken i Espeværs historie.
(Kjelde: Bømlo kommune, nettsider 2010 / eldre fotoregister 1992-2004)
Konvertert fra Fotografregisteret 2015.04.20