Skøyen kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1989 i eit bustadstrok nord på Skøyen, vest i Oslo kommune. Kyrkja vart teikna av Hille Melbye Arkitekter og vigsla 29. januar 1989. Dei 200 sitjeplassane i kyrkjesalen kan aukast til om lag 500 ved behov.
I same bygningskomplekset er det barnehage. Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja.
[nn]