RØVÆR
Den fyrste poststaden RØVÆR vart oppretta i 1848 for årleg verksemd i tida 1.1.--15.3. Poststaden låg i Søndre Bergenshus og Stavanger amt. Sirk., 29.11.1847.
"Kgl.res. 17.11.1847 bestemmer at det frå mai til 15.mars kvart år tils vidare skal befordrast kvar veke bipost mellom Vahlen postopneri og Fjelberg prestegjeld om Haugesund og Skudenæs til Stavanger, med sideruter til Stordøen, Brandesund, Espevær og Røvær, og at postopnare skal tilsettjast, mellom anna i Røvær. Den tidlegare biposten mellom Vahlen i Fjelberg og Stordøen skulle då leggjast ned".
Poststaden RØVÆR og bipostruta Haugesund -- Røvær vart lagde ned ved Kgl.res.4.2.1850. Dept.-Sirk. 27.2.1849.
Den årlege løna vart i 1847 fastsett til å vere 2 Spd., men det er ikkje funne noko om kven som ordna posten.
Dette RØVÆR er ikkje nevnt i portotakstar eller postforteknelser og er såleis ikkje å rekne som fast og offentleg postopneri.
Konvertert fra poststedsregisteret 2017.