Majorstuen kyrkje er ei langkyrkje frå 1926 i Oslo kommune. Initiativet til bygginga kom frå prestar, som òg samla inn penger til føremålet. Kyrkja var i si tid kjent som Prestenes kirke — og som Kyrkja som aldri vert fullført. I nokre år hadde kyrkja det gamle inventaret frå Oslo domkyrkje før det vart henta attende dit.
Kyrkja har eit frittståande tårn som vart oppført i 1933. I tårnfoten er det såkalla Capella Johannea, som Per Vigeland har dekorert med fresker med motiv frå Johannes’ openberring. Kapellet er opent for publikum på kvardagar.