Dale of Norway er ei norsk tekstilverksemd etablert på Dale i Vaksdal kommune i Hordaland i 1879, som er internasjonalt kjend for strikkeplagg av høg kvalitet i rein ull. Dale of Norway har utvikla og tilbyr fleire av Noregs mest kjende tradisjonelle design i norsk ull, men har dei siste åra òg lansert sport- og motekolleksjonar i mjuke og lette ulltypar. Sidan 1956 har selskapet levert offisielle OL- og VM-genserar. Dale of Norway er av dei få selskapa der designprosessen og strikkeproduksjonen enno føregår i Noreg, nemleg på hovudkontoret og den historiske fabrikken som ligg på Dale mellom Bergen og Voss. «The Living Factory Museum» og fabrikkutsalet på Dale er opne for gjestar heile året. Dale of Norway har konseptbutikkar i Oslo, Stavanger og Quebec, og eit dotterselskap i USA.
I desember 2017 hadde føretaket 68 tilsette. I 2018 blei det kjøpt opp av Skis Rossignol.
[nn]