Hemsedalin kirkko (norj. Hemsedal kyrkje) on Hemsedalin kunnassa Norjassa sijaitseva puinen pitkäkirkko. Sen suunnitteli arkkitehti Henrik Nissen ja se valmistui vuonna 1882.
Other languages: Hemsedal kyrkje (norwegian bokmål)
Hemsedal kirke (Hemsedal kyrkje) er en langkirke fra 1882 i Hemsedal kommune, Buskerud fylke.
Byggverket er i tre og har 420 plasser.
Adkomst til stedet er via Rv52.
[no]Hemsedal kyrkje er teikna av arkitekt Henrik Nissen og sto ferdig i 1882. Tidlegare same år var den gamle stavkyrkja på staden vorte reven. Kyrkja er lafta og utvendig panela, og har eit breitt midtskip, med eit smalare kor i aust og sakristi på nord- og sørsida av koret. I vest er det tårn med høg tårnhette, og vindauga er høge og spissboga.
Inne i kyrkja skiljast midtskip frå sideskip med fem par smale søyler, som bærer skipets tønnekvelva tak. Over koret er det òg tønnekvelv. Kvelvet over midtskipet har stilisert bladdekor, mens kortaket har enkel dekor i oker og blått, utført etter arkitekt Arnstein Arnebergs forslag i 1956. I bogefeltet mellom skip og kor er det måla to englar som held ein medaljong med Guds lam som motiv. Bak alteret i koret er det eit stort glasmåleri som viser Den gode hyrde, mens sidevindauga har vinbladmotiv. I kyrkja heng altertavla frå den gamle stavkyrkja, med Oppstandinga som motiv. Eit anna maleri, som kjem frå den gamle kyrkja, viser Nattverden.
Kjelder: Christie, Håkon og Sigrid: Norges kirker, Buskerud I, Oslo 1981 NIKUs kyrkjeregister