Eggedal kyrkje er ei langkyrkje frå 1878 i Sigdal kommune i Buskerud fylke. Ho avløyste ei stavkyrkje som stod litt lengre opp i bygda og vart riven etter at den nye kyrkja vart teken i bruk.
Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1888, ti år etter kyrkja, og nord for kyrkja står eit gravkapell som er utsmykka av Carsten Lien. Målaren Christian Skredsvig er gravlagd på kyrkjegarden her.
[nn]