Døvekyrkja i Stavanger er ei langkyrkje frå 1918 i Stavanger kommune i Rogaland fylke. Ho ligg i Sandeidgata 10 på Storhaug.
I perioden 1909–1937 vart kjellaretasjen i Storhaugveien 10 nytta til gudstenestelokale for døvekyrkjelyden, under namnet «Effata». I perioden 1937–1997 heldt døvekyrkjelyden til i eit lokale i De Døves Hus i Saudagata 11. Døvekyrkjelyden kjøpte det noverande lokalet av Frikyrkja og flytta inn i 1997.
[nn]