Åsta Holth Vestlien (fødd 13. februar 1904 i Grue i Solør, død 16. mars 1999 i Kongsvinger) var ein norsk forfattar, kjent for fleire romanar om folket sitt, skogfinnar, som innvandra til Finnskogen.
Ho var oppvaksen på finnetorpet Sør-Revholt (derfor etternamnet), og vart gift med Per Vestlien, bror av forfattaren Martin Vestlien. Av utdanning tok ho hagebruksskule og kunst- og handverk. Ho var tidleg aktiv skribent for teater med I Luråsen (Noregs Ungdomslag, 1929), Gurigjenta (1931), Byjåla (Noregs Boklag, 1934) og Vegen fram (Arbeiderteatret, 1935).
Debuten hennar var forteljingane frå heimplassen, Den Gamle bygdevegen: Finnskogfortellinger (novellesamling, Rosén forlag, 1944), etterpå kom diktsamlinga Porkkala-fela (Aschehoug, 1946). Deretter kom trilogien om farsslekta (Gyldendal), Paal Hendrikson Tyyskiäinen og kona hans Kerttei; Kornet og freden (1953), Steinen blømer (1963) og Kapellet (1967), òg utgjeven igjen som Finnskogtrilogien (2002). Morsslekta hennar (Plate) er skildra i ein trilogi (Gyldendal): Guldsmeden (1958), om Berendt Plate, Presten (1971) om sokneprest Johan Plate i Enebakk og Johannes (1975) om Johannes Gjedtjernet.
På 1980-talet utgav ho novellesamlinga Nådens år (1982), Fattigmanns kokebok (1985) og sivilisasjonskritikken Volva (1987). Hennar siste bok var Den blå hesten (Solør-forlaget, 2000) om kvinnefrigjering. Fleire av bøkene er omsette, blant anna til russisk.
Politisk var ho medlem i Noregs Kommunistiske Parti og motstandar av NATO og EU. Ho var ei tid president i Republikken Finnskogen. Livet hennar er skildra i Sven R. Gjems, Åsta i våre hjerter (Finnetunet museum/Norsk Skogfinsk museum, 2003).
Randi Brenden har skrive ein artikkel om Holth i Norsk Biografisk Leksikon, basert på si eiga doktoravhandling (2004). I 1995 vart Holth heidra med ei byste av kunstnar Skule Vaksvik.
[nn]