Sara Caroline Christine Brissach (fødd 9. mai 1847 i Trondheim, død 24. oktober 1938 i Molde) var fotograf i Kristiansund frå kring 1860 til kring 1870. Ho bruka gummistempel på bilda sine.
Ho vart i 1874 gift med Sivert Anthon Dahl With (f. 1844), og dei fekk fleire born. Familien busette seg i Molde, og det er ikkje spor etter nokon aktivitet som fotograf etter at ho vart gift. I 1900 hadde dei flytta til Kristiania, og i 1910 finn vi dei i Stokmarknes; ho er då oppført som husmor. Då ho døydde i 1938, 91 år gammal, budde ho i Molde.