Hesby Church (Norwegian: Hesby kyrkje) is a parish church of the Church of Norway in the large Stavanger Municipality in Rogaland county, Norway. It is located in the village of Hesby on the island of Finnøy. It is the church for the Hesby parish which is part of the Tungenes prosti (deanery) in the Diocese of Stavanger. The old, stone church was built in a long church design around the year 1090 using designs by an unknown architect. The church seats about 230 people.
Other languages: Hesby kyrkje (norwegian bokmål)
Hesby kyrkje Hesby kyrkje er ei mellomaldersteinkyrkje, bygd av stormannsætta på garden Finnøy på 1200-talet. Kyrkja har rektangulært skip og lågare og smalare, rett avslutta kor. Over både kor og skip er det bratte saltak. Kyrkja har opphavleg hatt eit kraftig vesttårn, men dette vart rive kring 1800. Steinane som stikk ut på utsida av skipets vestvegg, er synlege spor etter dette tårnet.
I 1870 fekk kyrkja nytt våpenhus, med inngangsportal som vart bygd av gjenbrukt stein frå den tidlegare sørportalen i skipet. Sakristiet vart bygd til i 1960. Då ho vart sett i stand i 1960, fekk kyrkja også nye benker, alterring, lysekroner og elektrisk oppvarming. Kyrkjerommet har flate himlingar over både kor og skip, og det er galleri over inngangen i vest og langs nordveggen av skipet.
I austveggen i koret, over alteret, er det eit spissboga treeiningsvindauge med glasmåleri teikna av Frøydis Håvardsholm i 1960. Biletmotiva er Krossfestinga og Oppstoda. Preikestolen, som er laga av Lauritz Snikkar i 1623, har bilete av evangelistane i bogefelta på sidene. Kjelder: Ekroll, Øystein: Med kleber og kalk. Norsk steinbygging i mellomalderen, Oslo 1997 Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993