Førde Church (Norwegian: Førde kyrkje) is a parish church of the Church of Norway in Sveio Municipality in Vestland county, Norway. It is located in the village of Førde. It is one of the churches for the Valestrand og Førde parish which is part of the Sunnhordland prosti (deanery) in the Diocese of Bjørgvin. The white, stone church was built in a long church design in 1938 using plans drawn up by the architect Torgeir Alvsaker. The church seats about 250 people.
Other languages: Førde kyrkje, Sveio (norwegian bokmål)
Førde kyrkje, som er bygd i 1938 og teikna av Torgeir Alvsaker, er ei einskipa, rektangulær langkyrkje med kor som er lægre og smalare enn skipet. På sørsida av koret er det sakristi, og på nordsida er det bårehus og dåpsventerom. Kyrkja er oppført i pussa tegl, og har eit firkanta tårn delvis bygd inn i vestgavlen.
Vindauga er rundboga, smale og høge, bortsett frå korets fem ruter, som er rektangulære og med glasmåleri av G. Rognaldsen frå 1938. Glasmåleria viser Jesu fødsel, Jesus som velsignar barna, Getsemane, Krossfestinga og Himmelferda. Interiøret er uendra sidan det vart bygd. Tak og vegger er lyse, mens inventar og dekor stort sett går i lyst og mørkt brunt. Galleriet på nordsida bærast av to stolpar. Over skipet er det tredelt himling med skrånande felt mot sideveggane. Himlingen i koret er svakt boga, og er inndelt i små firkantar med listverk. På alteret står ein gipskopi av Bertel Thorvaldsens Kristus frå 1938. Døypefonten er åttekanta og laga av tre. Kjelder: Hoff, Anne Marta og Hans-Emil Lidén: Norges Kirker, Hordaland II, Oslo 2000 Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993