Augusta Christensen (30. april 1852–25. april 1923) var ein norsk biletvevar, og var sett på som ein av dei fremste i landet. Ho designa ikkje mønstera sine sjølv, men vov etter akvarellar og kartongar av ulike biletkunstnarar. Christensen tok i hovudsak inspirasjon frå Gerhard Munthe. Ho kunne få fram ulike fargenyansar i vevgarnet ved bruk av ein teknikk ho utvikla. Ved hjelp av denne teknikken kunne ho overføra fargar og uttrykk frå andre kunstnarar sine små bilete, til sine store vovne biletteppe. Christensen mottok fleire prisar for teppa sine, på fleire utstillingar i inn- og utland. Verka til Christensen heng i museum både i Noreg og i utlandet.
Christensen var den fyrste bestyraren av vevskolen ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum (NKIM) i Trondheim. Dette var på tida då NKIM vart etablert, i 1898. Kunstindustrimusea som vart etablert på slutten av 1800-talet hadde ein tydeleg pedagogisk profil. Vevskolen ved NKIM la stor vekt på den kunstnariske delen av vevinga.
[nn]