Prestebakke kyrkje er ei langkyrkje frå 1795 i Halden kommune i Østfold fylke. Byggverket er i tre og har 225 plassar.
Dette er hovudkyrkja i Enningdalen sokn. Kyrkjestaden var tidlegare der Søndre Enningdalen kyrkje står no, og det er lett å blande dei to kyrkjene saman. Då ny kyrkje skulle byggjast i 1793, vart kyrkjestaden flytta til Prestebakke, men den gamle kyrkjegarden vart halden i hevd, og i 1950-åra vart så Søndre Enningdalen kyrkje bygd.
Prestebakke kyrkje er lafta og kom under tak i 1793, som ein ser av årstalet på vindfløya. Kyrkja vart vigsla i 1795.
Altartavla har eit bilete av krossfestinga, og somme trur ho vart måla av Eggert Munch. Preikestolen er på alder med kyrkja. Døypefonten er av kleberstein og stammar truleg frå ei tidlegare stavkyrkje.
Ved og i kyrkja var det kampar mellom norske og svenske styrkar 10. juni 1808, og kyrkja har framleis kulehol i veggene. Dei falne i slaget vart lagde i ei fellesgrav på kyrkjegarden, og ein minnebauta vart reist til hundreårsdagen.
Tilkomst til staden er via fylkesveg 101.
[nn]