Sigrid Ulset (fødd 27. oktober 1899 i Straumsnes) var lærar og amatørfotograf.
Ho var dotter av gardbrukar Nils Ulset (f. 1854) og Guraa Ulset (f. 1852), og vaks opp på garden Ulset.
Ho var lærar ved fortsettelsesskulen på Straumsnes 1920-1940. Handarbeidslærar ved Nordmøre husmorskole frå 1940. Ho slutta som lærar 07. juni 1951. I samband med ein fotoregistreringsaksjon i Tingvoll kommune i 1983, vert det fortald at Tingvoll har hatt ivrige amatørfotografar, og at lærarinna Sigrid Ulset er ein av dei som har late etter seg mange bilete.
[no]