Hornindal Church (Norwegian: Hornindal kyrkje) is a parish church of the Church of Norway in the municipality of Volda in Møre og Romsdal county, Norway. It is located in the village of Grodås, at the eastern end of the lake Hornindalsvatnet. It is the church for the Hornindal parish which is part of the Søre Sunnmøre prosti (deanery) in the Diocese of Møre. The white, wooden church was built in a long church design in 1856 using plans drawn up by the architect Ludolph Rolfsen using plans created by Hans Linstow. The church seats about 400 people. The sculptor Anders Svor is buried in the church cemetery.
Other languages: Hornindal kyrkje (norwegian bokmål)
Hornindal kyrkje er ei lafta og panelt langkyrkje frå 1856. Koret og vestre del av skipet er lågare og smalare enn midtpartiet i skipet, og over midten av taket står ein slank, åttekanta takryttar. Kyrkja er teikna av arkitekt Rolfsen, men er også prega av lokal tradisjon og Linstow sine typeteikningar. I 1907 vart den opphavlege tegltekkinga på taket bytt ut med skifer. I 1956 vart det bygt til sakristi mot aust. Samstundes vart innvendige vegger og søyler avluta, slik det hadde vore opphavleg, og dekorelement frå 1930 i interiøret vart fjerna. Altarring, døypefont, preikestol og benker er frå 1856, medan altartavla, som er laga av Dagfinn Werenskiold i utskore og måla tre, er frå 1930. Altartavla er todelt, med den sigrande og oppståtte Kristus i toppstykket. Motivet i det breiare og rektangulære hovudfeltet er ein blømande kross. Ein kopi av dette hovudfeltet finst som altartavle i Sørkedalen kirke i Oslo. Kopien er skoren av presten Jon Johnson i 1932 og korrigert av Werenskiold. Altartavla i Hornindal var utstilt på landsutstillinga i Trondheim i 1930, før ho kom til Hornindal i 1932. Kjelder: NIKUs kyrkjeregister