Haug kyrkje er ei langkyrkje i mur i Øvre Eiker kommune i Buskerud fylke. Kyrkja er opphavleg frå mellomalderen, tidfesta til 1152, men brann i 1818 og vart delvis rive ned, deretter oppattbygd i 1861–62, restaurert i 1961–62. Vesttårnet og vestmuren i skipet er frå den opphavlege steinkyrkja.
Kyrkja har ein døypefont i kleberstein frå 1300-talet.
Ved kyrkja står eit minnesmerke over presten og forskaren Hans Strøm.
[nn]