Bremnes Church (Norwegian: Bremnes kirke) is a parish church of the Church of Norway in Bømlo Municipality in Vestland county, Norway. It is located in the village of Svortland on the island of Bømlo. It is the church for the Bremnes parish which is part of the Sunnhordland prosti (deanery) in the Diocese of Bjørgvin. The white, wooden church was built in a long church design in 1869 using plans drawn up by the architect Jacob Wilhelm Nordan. The church seats about 750 people.
Other languages: Bremnes kyrkje, Svortland (norwegian bokmål)
Bremnes kyrkje vart innvigt i 1869 og er teikna av arkitekt Nordan. I middelalderen sto det ei stavkyrkje på Bremnes, men den vart riven i 1689, då ei ny tømmerkyrkje, kalla Gåsland kyrkje, vart bygd. Denne kyrkja vart seinare erstatta av den noverande kyrkja, som er oppført i lafta plank, med utvendig liggande panel. Koret er i bindingsverk.
Bremnes kyrkje er treskipa, med seks par smale stolpar som deler midtskip og sideskip. På kvar side av koret i aust er det sakristi, og i vest er det tårn over eit bredt våpenhus. Vindauga er store og spissgavlete. Kyrkja vart rehabilitert i samband med 100-årsjubileet, då blant anna koret vart forlenga og sakristi og tårnfot utvida.
Innvendig er kyrkjerommet lyst, med tønnekvelva tak i midtskipet og flatt tak i sideskipa. I korets vindauge er det glasmåleri av G. Rognaldsen frå 1930-talet. Under ombygginga på 1960-talet vart galleriet forlenga austover, benkene fornya og ein korboge fjerna. Preikestolen frå 1860-talet er åttekanta og vert bore av ein åttekanta midtstolpe. Altertavla, som antakelig er måla av J. L. Losting, viser Jesu dåp etter forbilde av Tidemand og Nattverden etter Leonardo da Vincis måleri. I toppstykket kan ein sjå Krossfestinga, Oppstandinga og Himmelferda. Alterbildet er flankert av tre slanke joniske søyler som ber eit massivt toppstykke. Døypefonten, som er teikna av arkitekt Ole Halvorsen, er firkanta og laga av tre, og over heng ei lita, sølvbelagt due.
Kjelder: Hoff, Anne Marta og Hans-Emil Lidén: Norges Kirker, Hordaland II, Oslo 2000