Evje Church (Norwegian: Evje kirke) is a parish church of the Church of Norway in Evje og Hornnes Municipality in Agder county, Norway. It is located at the north end of the village of Evje. It is one of the churches for the Evje og Hornnes parish which is part of the Otredal prosti (deanery) in the Diocese of Agder og Telemark. The white, wooden church was built in a Swiss chalet style with a cruciform design in 1891 using plans drawn up by an unknown architect. The church seats about 450 people.
Other languages: Evje kyrkje (norwegian bokmål)
Evje kyrkje, som vart innvigt i 1891, er ei tidstypisk, forholdsvis enkel krosskyrkje med tårn i vest og kor i aust, og med korte tverrskip nær koret. Kyrkja, som er prega av sveitserstil med gavlforma vindauge, er visstnok ikkje tømra, men oppført i bindingsverk med utvendig og innvendig panel. Arkitekten er ukjent, men byggmeister var Ludvig Karlsen frå Stokken. Interiøret, som vart måla opp i 1991? (1959), er godt bevart frå byggetida. Fargesettinga er i grøne nyansar som liknar dei opphavlege fargane, med lyse veggflater og takflater, og med utstrakt bruk av strek- og sjablondekor i interiør og på inventar. Over den spisse korbogen er det måla ein stor og brei bladranke på grøn botn. Koropningen er i korets fulle bredde. Både preikestol, altertavle og døypefont er frå 1891, då kyrkja vart bygd. Altertavla i nygotisk omramming viser Oppstandinga målt av Christen Brun. Originalen til dette bildet er måla av Adolf Tidemand i 1871 og heng i Bragernes kyrkje i Drammen. Dei sjablonmåla liljene på benkevangane er laga etter forslag frå Finn Krafft i 1958, til erstatning for den opphavlege blomsterdekoren på vangane. Kjelder: NIKUs kyrkjeregister Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993