Hjørundfjord Sogelag [no]
Hjørundfjord Sogelag (norwegian bokmål)
Hjørundfjord sogelag vart skipa 11.januar 1978 og hadde såleis 25-årsjubileum i 2003. "Laget skal arbeide for å ta vare på minne om folkelivet i farne tider. Eit vidare mål for laget er å skape interesse for fortida og knyte band mellom folket før og no, og vidare til komande slekter". Denne målsetjinga har medlemane i fellesskap arbeidd for å nå.
Arbeidet med årsskrifta må nemnast spesielt. Lista over årsskrifta viser at fleire vesentlege emne er handsama. Innhaldsregistera i årsskrifta viser ei uvanleg breidde med omsyn til artikkelskribentar. Hjørundfjordingane har til fullnad vist at dei er skriveføre, og det må vere rett å seie at utruleg mange har vore med i arbeidet som ligg bak årsskrifta.
(Kilde: Hjørundfjord sogelag, heimesider 2010 / eldre fotoregister 1992-2004)
Konvertert fra Fotografregisteret 2015.04.20