Søndre Høland kyrkje er ei krosskyrkje i tre i Aurskog-Høland kommune, Viken fylke. Dette er den tredje kyrkja på Hemnes. Dei to tidlegare kyrkjene stod nordvest for tettstaden.
Kyrkja vart oppført i 1865–66 av byggmeistrane Gulbrand Johnsen og Andreas Sand på grunnlag av teikningar utarbeida av Anders Haneborg. Haneborg tok utgangspunkt i Båstad kyrkje, som er teikna av Christian H. Grosch.
Biletet i altartavla er måla av Christen Brun i kopi etter Adolph Tidemand, og motivet er hans populære bilete av oppstoda frå Bragernes kyrkje i Drammen. Klebersteinsdøpefonten vart tidlegare brukt i gamlekyrkja. Eit orgel av Amund Eriksen frå 1866 vart bygd om av Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk i 1965.
På kyrkjegården står eit gravkapell frå 1924.
[nn]