Frida Orupabo (fødd 1986) er ein norsk kunstnar som er kjend for fysiske og digitale kollasjar.
Kunstnarkarrieren starta då Instagram-kontoen hennar nemiepeba vart oppdaga av videokunstnaren Arthur Jafa, som synte verk av Orupabo i ein utstilling ved Serpentine Gallery i London i 2017. I 2019 var ho ein av dei 79 kunstnarane i utstillinga May You Live in Interesting Times på Veneziabiennalen, som vart kuratert av Ralph Rugoff. Eit av verka hennar frå biennalen, «Untitled», vart kjøpt inn av Nasjonalmuseet. I verket er bildeelement montert med splittbinders, ein teknikk som Orupabo ofte nyttar.
Kunstnaren utforskar det politiske og det personlege, både i historia og samtida, i verka sine, og tema er ofte etnisitet, hudfarge, kjønn, seksualitet eller samfunnslag.
[nn]