Hamre Church (Norwegian: Hamre kyrkje) is a parish church of the Church of Norway in Osterøy Municipality in Vestland county, Norway. It is located in the village of Hamre. It is the church for the Hamre parish which is part of the Åsane prosti (deanery) in the Diocese of Bjørgvin. The wooden church was built in a long church design in the late 1500s (possibly in 1585) using plans drawn up by an unknown architect. The church seats about 350 people.
Other languages: Hamre kyrkje (norwegian bokmål)
Hamre kyrkje Hamre kyrkje, som er bygd rundt 1640, er ei langkyrkje i lafta tømmer. Skipet og koret har same breidd, men i langveggene i skipet er det grunne utvidingar, som gjev kyrkja ei aning av krossplan. Kyrkja ligg med koret mot søraust, og ikkje mot aust, som er den vanlegaste orienteringa. Sakristiet vart bygd i 1948-49, medan tårnet kan vere opphavleg. Vindauga vart utvida og korskiljet ombygd i 1859, og i 1867 vart heile kyrkjerommet, bortsett frå korhimlingen, måla over. Ei attendeføring av kyrkjerommet vart starta i 1946, med konservator Ola Seter som ansvarleg for fargerestaureringa. Dekoren på korveggene er frå 1693, men bileta av apostlane vart måla opp att i 1867. Preikestolen med himling er frå 1640. Han har utskorne bilete av Jesus og evangelistane på sidene. Altertavla frå 1652 har fleire figurar og rikt dekorerte sidefløyer, og både over og under biletfelta er det tekstfelt. Motivet i midtfeltet er Krossfestinga, og ved foten av krossen står evangelisten Johannes og Jomfru Maria. I det øvste biletfeltet er Oppstoda. Kjelder: Storsletten, Ola: Kirker i Norge 5, Oslo 2008