Strømmen kyrkje er ei langkyrkje i nyromansk stil i Lillestrøm kommune, Viken fylke. Bygginga tok til i 1923, men kyrkja vart ikkje vigsla før i mars 1929. Det er ei langkyrkje i stein med kyrkjestove i ei eiga fløy, om lag som ei mindre kyrkje som er hekta på. Kyrkja hører til Nedre Romerike prosti.
Kyrkja er bygd i naturstein og har 330 plassar. Ho ligg nordvest for Strømmen sentrum på toppen av ein bakke med allé ned mot Sagdalen. Arkitekt for kyrkja var Olav Olson. Arbeidsgivaren hans, Strømmen Trævarefabrik, var ein sterk pådrivar for å få ført opp kyrkja. Dei ga tomta og eit større pengebeløp. Etter dei opphavlege planane skulle kyrkja ha vore bygd i tre, men dette vart seinare endra.
Nord for kyrkja står eit krigminnesmerke. Det er ikkje kyrkjegard på staden, men ved Stalsberghagen, mindre enn ein kilometer unna.
[nn]