Hareid Church (Norwegian: Hareid kyrkje) is a parish church of the Church of Norway in the municipality of Hareid, Møre og Romsdal, Norway. It is located in the village of Hareid on the eastern side of the island of Hareidlandet. It is the church for the Hareid parish which is part of the Søre Sunnmøre prosti (deanery) in the Diocese of Møre. The white, wooden church was built in a long church design in 1877 using plans drawn up by the architects Heinrich Ernst Schirmer and Wilhelm von Hanno. The church seats about 400 people.
Hareid kyrkje (Kirke) [no]
Other languages: Hareid kyrkje (norwegian bokmål)
Hareid kyrkje, som ble innvigt i 1877, er ei tidstypisk langkyrkje med kor i aust og tårn i vest, oppført av byggmeister Knut L. Stokkeland frå Vestnes etter Schirmer og von Hannos teikningar. Kyrkja er prega av sveitserstil, nygotikk og nyromansk stil, med spesielt rikt interiør. Opphavleg var det ein open inngangsveranda framfor våpenhuset, men han vart ganske tidleg omgjort til vindfang. Fargesettinga i interiøret er i hovudsak gjort av Lars Kinsarvik i 1913, men då kyrkjerommet i 1977 vart pussa opp, vart nokre av fargane justert etter konservator Jon Brænnes undersøkingar, og veggfargen vart endra til lys grå for heilskapens skuld. Samtidig vart platekledningar frå 1952 fjerna og korskranken tilbakeført til opphavleg form. Dei målte ornamenta på blant anna galleribrysting, preikestol, benkevangar og nummertavler, er laga etter Kinsarviks mønsterforbilde. Kyrkja fekk nye benker i 1952, men dørene frå dei gamle benkane er gjenbrukt som vangar på dei nye. Takstolane i himlinga over skipet er spesielt rikt utforma, og over koropningen er det utskorne rankar. Korskiljet består av tre bogar med hengesøyler frå taket, og ein låg korskranke. Altertavla er bilthuggararbeid, det vil seie treskulptur, laget av Anders Smith i 1660 og måla av Caspar Skildrer i 1675. I 1977 vart den delvis avdekka og delvis oppmåla av Odd Nøss. Glasmåleria i koret, som er teikna av Jørgen Skaare, viser Jesus med fiskefangsten og Jesus som reddar den tvilande og søkkjande Peter på Genesaret sjø.
Kjelder: NIKUs kyrkjeregister