De Forenede Ullvarefabrikker (forkorta DFU eller D.F.U.) er namn på ei samanslutning av norske tekstilfabrikkar. I 1870 grunnla haugianaren Ole Nielsen Aalgaards Uldvarefabrikker ved fossen på Ålgård. Etter å ha kjøpt fem andre fabrikkar i 1916 vart namnet til firmaet endra til «De Forenede Ullvarefabrikker AS».
Fabrikkane som gjekk saman var Ålgård Ullvarefabrikker, Nydalens Fabrikker i Nord-Trøndelag, Hjula Veveri i Oslo si ullvareavdeling, Grorud Textilfabriker med Skauger Fabrikker ved Drammen, i tillegg til Fredfoss Uldvarefabrik ved Vestfossen. Nydalens Fabrikker var allereie før denne samanslutninga vorte ein del av Ålgård Ullvarefabrikker.
DFU etablerte i løpet 1970-talet ei landsdekkjande butikkjede. Utover 1990-talet vart det slutt på tekstilproduksjon i Noreg.
[nn]