Efteløt kyrkje er ei langkyrkje i romansk stil frå ca. 1184 i Sandsvær (no Kongsberg kommune) i Buskerud fylke. Kyrkja har om lag 190 sitjeplassar.
Det er ei steinkyrkje med opptil ein meter tjukke murar av naturstein. Kyrkja var i si tid vigd til Døyparen Johannes og jomfru Maria. Efteløt har alltid vore hovudkyrkja i Sandsvær.
I 1876 vart kyrkja bygd om til ein mer gotisk stil. Mellom anna vart takryttaren erstatta med eit vesttårn av teglstein, kyrkja vart gjort større, og dei gamle, rundboga vindauga vart erstatta med spissboga. I 1953 vart kyrkja restaurert og tok over det gamle inventaret frå Komnes stavkyrkje.
Prestegarden ligg på den andre sida av fylkesveg 40.
[nn]