Maria «Maja» Jäderin-Hagfors (31. oktober 1882–4. februar 1953) var ein svensk forfattar.
Far hennar var naturvitaren Edvard Jäderin, som i 1899-1900 leia ein ekspedisjon til Spitsbergen. Faster hennar, Anna, gifta seg med Hjalmar Branting.
Maja Jäderin vaks opp i Stockholm. Ho gjekk på målarskole, men gifta seg allereie i 1902 med Frans Adolf Hagfors. Dei fekk fire barn saman, men ekteskapet vart seinare oppløyst. Jäderin-Hagfors var tilsett i Stockholm-Tidningen. Ho debuterte skjønnlitterært i 1926 med guteboka Eventyret, men ho vart mest kjend for dei populære jentebøkene sine. Ho skreiv 22 jentebøker, 14 barnebøker, to gutebøker, fire vaksenromanar og nokre fagbøker.
I jentebøkene hennar står ofte yrkesarbeiande jenter og problema deira sentralt.
[nn]