Alf Torp (27. september 1853–26. september 1916) var ein norsk filolog fødd i Stryn.
Han vart student i 1871, cand.philol. 1877, professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap i 1894. Han var elev av Sophus Bugge og under eit opphald i Leipzig 1878–80 av G. Curtius og Windisch. I 1881 fekk han doktorgraden ved universitetet i Leipzig med avhandlinga «Die Flexion des Pali in ihrem Verhältnis zum Sanskrit».
Tidleg på 1890-talet tok Torp under påverknad av Bugge fatt på løysinga av dei mange vanskelege problema som knytte seg til tolkinga av dei bevarte restane av visse italiske og vesleasiatiske språk: messapisk, venetisk, frygisk og lykisk.
Saman med Hjalmar Falk gav han ut Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog (1901–06).
Torp var formann i rettskrivingskomiteen av 1913, som førebudde 1917-rettskrivinga. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1886 og var òg medlem av vitskapsakademi i Danmark, Sverige og Italia. I 1906 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Torp døydde i Kristiania.
[nn]