Osterøy museum er eit kulturhistorisk museum for Osterøy kommune i Vestland og dei næraste bygdene. Museet skal samla, ta vare på og elles dokumentera kulturminne frå dette området. Museet, som vart skipa i 1920, ligg vakkert til på ein sandbanke på Gjerstad. På tunet med i alt 10 tilflytta bygningar, kan du henta kunnskap og kveik anten du vil søkja deg attende til det gamle bondesamfunnet, vil oppleva skulestellet på veglause stader i Osterfjorden, eller du vil oppdaterast på nyare tids industri og handverk.
[nn]