Menstruasjonsbind, mensbind, damebind, sanitetsbind eller berre bind er vatterte stoffbind som skal suga opp blod og utflod, særleg under menstruasjon. Moderne menstruasjonsbind er eingongsbind som blir lagt i trusa og blir kasta etter bruk. Det er også mogleg å bruka vaskbare bind som kan brukast fleire gonger.
Menstruasjonsbind kan òg brukast ved andre tilstandar, til dømes hos kvinner som nyleg har fødd eller pasientar med utflod eller blødningar.
Dei fleste produsentane av eingongsbind tilbyr følgjande typar: normal, normal med vingar, lang, lang med vingar og nattbind. Ein kan òg velja mellom ultra- eller maxibind. Miljø- og ressursvennlege tøybind som kan vaskast og brukast om igjen, kan kjøpast ferdig eller syast sjølv.
Andre former for menstruasjonsvern er tampong, ein absorberande bomullshylse som blir ført inn i skjeden, mensbeger/menskopp, ein mjuk kopp som blir boren i skjeden og blir tømd jamleg, eller mensundertøy, underbukser med innsydd bind som kan brukast fleire gonger.
[nn]