Holmgill kyrkje er ei langkyrkje frå 1902 i Aremark kommune i Østfold fylke. Namnet vert ofte skrive «Holmegil», men offisiell skrivemåte er «Holmgill».
Arkitekt er Halfdan Berle. Kyrkja vart oppført i tre og vigsla 27. februar 1902. Ho har 240 sitjeplassar og vart titulert som kapell i byrjinga. Tomt, materialar og midlar til oppføring av kyrkja (kapellet) vart gjeve av familien Anker.
På kyrkjegarden står eit bårehus frå 1985.
[nn]