Kokelv sjøsamiske museum (nordsamisk Jáhkovuona Mearrasámi musea) er eit samisk museum i Kokelv i Hammerfest kommune i Finnmark. Museet ligg i Nillagården i Kokelv, eit sjøsamisk småbruk frå gjenoppbyggingstida etter andre verdskrigen. Museet består i dag av Nillágårdens bustadhus, bygd i 1950, fjøs, uthus og ein tredel av eit fellesnaust, og dessutan eit nyare museumsnaust. Nausta ligg nede på stranda i Kokelv, saman med andre naust som tilhøyrer folk i bygda.
Kokelv sameforeining blei stifta i 1983, med formål om å bevara og utvikla sjøsamisk kultur i Kokelv. For å dokumentera, sikra og synleggjera den sjøsamiske kulturen starta foreininga innsamling av gjenstandar, bilde og anna frå området. I 1991 danna foreininga Kokelv museumslag, som seinare same året grunnla stiftinga Kokelv sjøsamiske museum saman med Kvalsund kommune. I 1992 kjøpte stiftelsen Nillágården, eit nedlagt sjøsamisk småbruk. Museet har i dag utstillingar av dei innsamla gjenstandane i huset, fjøset og nausta. Gjenstandssamlinga til museet består av ei båtsamling på tolv båtar, utstyr og reiskapar tilhøyrande gardsbruk og fiske, husgeråd, og samiske klede og gjenstandar.
Museet er eit av fem museum i Vest-Finnmark som inngår i stiftinga RiddoDuottarMuseat, for samiske museum og samisk kunstsamling i Vest-Finnmark. Resten av er De Samiske Samlinger og Samisk Kunstmagasin i Karasjok, Kautokeino bygdetun i Kautokeino og Porsanger museum i Porsanger.
[nn]